Sprakforsvaret
   

Latinsk og engelsk som akademisk lingua franca

Symposium om språkpolitikk

Bent Preislers 60-årsdag

RUC 5. mars 2005

Innleiing

Foredraget mitt – til ære for Bent – skal handle om latin og engelsk som akademisk lingua franca, i kontrast til morsmålet som undervisnings- og forskingsspråk i høgare utdanning og forsking. Det er eit hovudpoeng for meg at om vi ønskjer å forstå og forklare den tiltakande bruken av engelsk i akademia i t.d. Norden i dag, er det ikkje tilstrekkeleg å nærme seg fenomenet ad språkpolitisk eller for den del sosiolingvistisk veg. Vi må i tillegg forsøke å sjå det innanfrå, frå ståstaden til universiteta sjølve. Og det betyr at vi må sjå engelskbruken i universitetspolitisk, forskingspolitisk og høgare utdanningspolitisk lys. Språkval i akademia er ideologiske val. Det avgjerande aspektet i denne samanhengen er korleis universiteta definerer forholdet sitt til samfunnet utanfor. Grunnlaget for og legitimeringa av universiteta som samfunnsinstitusjonar blir viktig i dette perspektivet.

I den generelle debatten om anglifisering, om engelske lån og domenetap til engelsk er det først og fremst det språkpolitiske perspektivet som har vore framme. Ja, eg er tilbøyeleg til å meine det språkmoralske. Også når det gjeld den tiltakande anglifiseringa i akademia, har den språkpolitiske og for ein del den sosiolingvistiske innfallsvinkelen vore utgangspunktet. Det universitetspolitiske og universitetssosiologiske perspektivet har derimot vore nokså fråverande. Framstillinga mi i det følgjande vil derfor legge vekta på det universitetspolitiske og det historisk-sosiologiske. Eg trur nemleg også det er nyttig å sjå anglifiseringa av akademia i eit historisk perspektiv. Universitetsinstitusjonane ser jo på seg sjølve som internasjonale, og med god grunn. Historisk sett er nemleg universitetas nasjonalspråklege periode mykje kortare enn den lange perioden som gjekk føre, da det var heilt sjølvsagt at alle universitet skulle halde seg med eit lingua franca, nemleg latin. Og no synest vi altså vere over i ein ny ”internasjonal” æra, nemleg den anglo-amerikanske. I kor stor grad det er rett å kalle anglo-amerikanisering internasjonalisering, kan sjølvsagt diskuterast.

For ein som meg, som kjem frå eit land med svært stutt universitetshistorie, er det lett å glømme at universiteta opphavleg ikkje var nasjonale institusjonar. Like lett er det å glømme at europeisk nasjonalstatshistorie er mykje kortare enn historia til universitetet som institusjon. Den norske universitetshistoria kan f.eks. lesast som ein parallell til nasjonalstatshistoria vår. Det Kongelige Frederiks Universitet i Kristiania blei etablert så seint som i 1811. Før den tid var såleis alle norske studentar tvinga til å vere ”internasjonale”. Om dei ikkje drog til København, var det andre velrenommerte europeiske universitet å immatrikulere seg på: Krakow, Praha, Leyden, Amsterdam og Paris t.d., og for den del Uppsala og Lund. Og overalt brukte dei latin.

Middelalderuniversitetet - føydaltida

Historisk daterer vi universitetsinstitusjonen til middelalderen, med Universitetet i Bologna som det eldste. Da var truleg språkspørsmålet eit ikkje-spørsmål. Det sa seg sjølv at det akademiske språket var latin, uavhengig av kva morsmål professorane og studentane hadde. Og latin heldt stand som lingua franca i høgare utdanning og forsking i fleire hundre år, også lenge etter at språket ikkje lenger var i bruk som naturleg kommunikasjonsmiddel i andre samanhengar. Først ut på 1700-talet ser vi tendensar til at ein tar i bruk levande europeiske språk i akademiske samanhengar. På Det kongelege Frederiks Universitet i Kristiania blei den siste disputasen på latin halden i 1845, på Universitetet i København så seint som i 1900. ”Nasjonaliseringa” av universiteta tok altså heller lang tid.

Latinen blir spreidd via romersk makt. I neste omgang overlevde latinen romarriket med mange hundre år, også i fossilisert tilstand, m.a. i akademia, men aller lengst i Den katolske kyrkja, der latin er ein god del i bruk den dag i dag, og der det faktisk finst ein instans i Vatikanet som framleis driv latinsk språkrøkt, lagar nye latinske ord osb. Spreiinga av engelsk verda over lenge etter det britiske imperiet er blitt historie, har såleis sin pendant i vidareutviklinga og vidarespreiinga av latin lenge etter romarrikets fall.

Middelalderuniversitetet var ein internasjonal institusjon. Og det var mobilt. Det bestod av professorar og studentar; studentane betalte for undervisninga, og var dei misnøgde, braut dei opp og etablerte seg ein ny stad og betalte nye professorar. Dei gamle fekk klare seg som best dei kunne; utan studentar var det ikkje noko universitet. Reell institusjonalisering kjem først seinare.

Det ”moderne” universitetet

Den ”moderne” universitetsinstitusjonen kan vi datere til 16-1700-talet, og først langt inn på 17-talet og tidleg på 1800-talet blir universiteta ”nasjonale” på den måten vi kjenner dei som nasjonale. Grovt sett kan vi dele moderne universitetshistorie inn i tre fasar:

1. Det kantianske universitetet (etter Immanuel Kant: Der Streit der Fakultäten, 1798)

Dette er opplysningstidas universitet, og referansen til Kants verk har bakgrunn i at han her argumenterer for fornufta som appellinstans, heller enn religionen t.d. Han gjev dei filosofiske fakulteta rang framfor teologi og medisin nettopp av den grunn. Det kantianske universitetet finn såleis legitimeringsgrunnlaget sitt i ratio, fornuft. Det er ein internasjonal institusjon; universitetsspråket er framleis latin. Men NB! Kant sjølv skreiv både på tysk og latin. Grunnlaget for den neste fasen blir såleis lagt her.

2. Det humboldtske universitetet.

Humboldt er den som mest eksplisitt knyter universitetet til nasjonalstaten og dermed til nasjonalspråket. Det grunnlaget som no blir vektlagt, er den nasjonale kulturen. Danning og utdanning blir to sider av same sak. Fornuft og kritisk tenking speler sjølvsagt framleis ei viktig rolle, men det nye er altså at universitetet får ei eksplisitt oppgåve i høve til dei nye nasjonalstatane som veks fram i Europa. Når institusjonane får ei nasjonal legitimering, er det nokså opplagt at nasjonalspråket får ei viktigare rolle enn tidlegare.

I eit relativt nytt historisk perspektiv er det såleis samanheng mellom nasjonsbygging og universitetsbygging. Det kongelige Frederiks blei etablert i 1811, den norske grunnloven underskriven i 1814. Langt inni det 20. hundreåret etablerte tidlegare kolonistatar som hadde vunne sjølvstende, nasjonale universitet som følgje av dette sjølvstendet. Og nasjonale fag, som historie og arkeologi, og sjølvsagt òg nasjonale språk, har alltid vore vurderte som sentrale og viktige fag når det har skjedd.

3. Eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle universiteta i denne tredje fasen, management-universitetet, det post-nasjonale universitetet, det globale universitetet eller det neo-koloniale universitetet? Uansett kva vi kallar det, så ser bildet slik ut: I globaliseringas tidsalder og globaliseringas namn blir nasjonalstaten mindre viktig, på den måten at grenser blir bygde ned eller oppheva, først og fremst økonomiske grenser. Det har både direkte og indirekte konsekvensar for utdanningsinstitusjonane våre. Heile den reformprosessen som no går føre seg over heile Europa, kan tolkast med utgangspunkt i denne grove utviklingsmodellen for universitet og høgskolar som eg her skisserer. Heilt klart er det at bortsett frå engelsk som nasjonalspråk, har alle andre nasjonalspråk ei sterkt svekka stilling i det postnasjonale universitetet. Om det finst nokon samlande idé som legitimerer desse post-nasjonale institusjonane, er kanskje diskutabelt. Langt på veg vil vel eit potensielt legitimeringsgrunnlag vere av instrumentell-byråkratisk karakter, og kan hende er det rett å bruke nemninga neo-liberalisme.

Ei grov tidsplassering av denne skissemessige epokeinndelinga vil sjå om lag slik ut: Det kantianske universitetet var 1700-talets universitet; vi kan òg kalle det opplysningstidas universitet. Humboldt-perioden kan tidfestast heilt presist frå 1810, det året Berlin-universitetet blei etablert og Karl Wilhelm von Humboldt blei rektor. I den grad ”internasjonalisering” spelte noka rolle i samtida, betydde det for dei nordiske landa først og fremst kontakt med Tyskland. Konkret betydde det at dei vitskapleg tilsette måtte kunne bruke tysk, lese tysk faglitteratur og skrive noko på tysk sjølve. Men ikkje meir enn det. Dei siste krampetrekkingane til den humboldtske universitetsperioden har vi vore vitne til dei siste par tiåra. Den tredje og siste fasen i denne utviklingsmodellen tok truleg til å bli synleg på 1980-talet, men hadde nok vore i emning tidlegare.

Habermas: føydal > borgarleg > reføydal

Ein litt annan og kanskje meir ideologiserande måte å forstå historia til universitetsinstitusjonen på, er gjennom Jürgen Habermas’ offentlegheitsteori. Habermas’ dr.avh. Borgerlig offentlighet (1961, på norsk 1971) gjev ei framstelling av utviklinga av ei borgarleg offentlegheit på bakgrunn av ein analyse av dei strukturelle samfunnsendringane som skjer over tid.

Slik eg ser det, er det ikkje urimeleg å tolke rolla til dei høgare utdanningsinstitusjonane som ein del av rolla til denne borgarlege offentlegheita. Vi kunne òg bruke nemninga ”det sivile samfunnet” eller ”sivilsamfunnet” i denne samanhengen. Universiteta og dei andre høgare utdanningsinstitusjonane har tradisjonelt definert seg sjølve som ein del av sivilsamfunnet med klare rettar og plikter i relasjon til dette samfunnet.

Habermas tenker seg utviklinga i tre trinn: føydal > borgarleg > reføydal. Utviklingsmodellen hans kan formelaktig presenterast slik, etter Sørbø 1991:39:

føydal                          borgarleg                      reføydal

total stat                      liberal stat                    sosialstat

stat = samfunn             skilje stat/samfunn        integrasjon

regulert informasjon      tvangsfri informasjon      kommersiell informasjon

representativ ålmente    argumentativ ålmente    demonstrativ ålmente

reputasjon

(offentleg meining)        opinion                         publisitet

akklamasjon (publikum) deltaking                      akklamasjon

 

Det er særleg forholdet mellom stat og samfunn, forholdet mellom økonomi, produksjonssfære og offentlegheit eller sivilsamfunn som er i fokus i denne utviklingsmodellen. Dette er sjølvsagt ei forenkla, idealisert eller abstrahert skisse av kva som faktisk har skjedd historisk.

Under stikkordet ”føydal” inkluderer Habermas både føydalsamfunnet og eineveldetida. Denne perioden dekkjer såleis den førborgarlege offentlegheita. I denne tida låg alt formelt under statsmakta, som gjekk ut frå kongen og til aristokratiet. Handel og produksjon var styrt av privilegium; alt var styrt ovanfrå. Noko krav nedanfrå om t.d. bruk av folkemåla i universitetsundervisninga var meir eller mindre utenkeleg.

Det som kom til å gjere slutt på denne tidsepoken som Habermas kallar ”føydal”, er at det voks fram ei ny samfunnsklasse utan adel og privilegium, nemleg borgarskapet. Da det oppstod ei samfunnsklasse som dreiv handel utan privilegium, innebar det at samfunnet frigjorde seg frå staten. Slik oppstod den liberale staten. Den nye samfunnsklassa, borgarskapet eller den borgarlege allmennheita, hadde ein økonomisk basis som gjorde den uavhengig av og fristilt frå staten, og borgarane kunne såleis formulere sine felles interesser overfor staten. Dei var uavhengige av adeleg fødsel. Alle var prinsipielt like. Dette førte, i følgje Habermas, til nye informasjons- og argumentasjonsformer. I prinsippet blir det no slik at det bare er argumentet som avgjer kva som er rett, og kven som har rett. At det er argument som erstattar tidlegare autoritetar, som adelen og kyrkja, er heilt avgjerande for Habermas. Dersom argumentet verkeleg blir autoritet, må informasjonen og kunnskapen flyte fritt. Dette er ein av dei viktigaste tankane frå opplysningstida. Grunnlaget for den moderne demokratiske nasjonale staten er å finne nettopp her. Det er òg grunnlaget for vestleg menneskerettstenking. Eg trur òg det går an å argumentere for at morsmålet, iallfall i tydinga nasjonalspråket, nødvendigvis vil ha større plass innafor denne slags ideologi.

Habermas har ein interessant gjennomgang av korleis sjølve ordet for offentleg meining skiftar karakter. I den føydale og eineveldige perioden tydde ”opinion” nærast ”reputation”, altså rykte, eit klart nedsetjande ord. Men etter kvart blir ”public opinion” ein positiv kategori, og eit legitimeringsgrunnlag for politiske autoritetar. Den offentlege diskursen er å sjå på som den formande politiske krafta i samfunnet; allmennheita må derfor ha tilgang til så mykje kunnskap og informasjon som muleg. Den kunnskapen som blir etterspurd, er ikkje bare formalkunnskap. I det heile er dette ikkje tida for å skilje mellom utdanning og danning. Danningskunnskap er minst like viktig som formalkunnskap. For å kunne vere borgar må ein vere eit danna menneske. Det er lett å lese dei ideala som Humbolt-universitetet representerer, inn i denne konteksten, ideal om autonome utdanningsinstitusjonar, fri kunnskapssøking, fri kunnskapstileigning, forskarfridom, universiteta som nasjonale kulturinstitusjonar, og som nasjonale danningsinstitusjonar med nasjonalspråket som basis. Det er truleg òg unødvendig å peike på at i eit samfunn som held seg med slike ideal, blir det vi no kallar samfunnsfag, og også humanistiske fag, viktige.

Det er kanskje på sin plass no igjen å understreke at det dreier seg om ideal, og om sjølvforståing. Vi kan ikkje peike direkte på ei borgarleg allmennheit som fungerte heilt i samsvar med desse ideala, like lite som vi kan peike direkte på eit universitet som fungerte heilt i samsvar med Humbolt-ideala. Poenget mitt her er heller å prøve å finne røtene til viktige forestillingar som voks fram i det borgarlege samfunnet. Her er røtene til ein del av dei ideane vi gjerne kallar ”liberale”, og her finn vi òg røtene til ideane om lik rett til utdanning, idealet om utdanningsinstitusjonar som også fungerer som dannings- og kulturinstitusjonar. Dette er ideal som framleis blir forfekta, men no blir dei som forfektar desse ideala, helst omtalte som ”museumsvaktarar”.

Når Habermas så i neste omgang beskriv utviklinga frå det borgarlege til det reføydale samfunnet, tar han utgangspunkt i eit paradoks: Jamvel om dei borgarlege ideala var allmenne, og menneskerettane pretenderte å gjelde alle, så var jo det eigentlege borgarskapet lite. Storparten av folket stod utanfor. Men etter ideala sine måtte allmennheita vere open for utviding. Men når så nye grupper kjem til (bønder, arbeidarar), blir allmennheita omdanna radikalt, slik vi i vår tid òg har sett at det høgare utdanningssystemet blir radikalt omdanna gjennom ei utviding frå elite- til masseutdanning. Denne utvidingsprosessen fører til store strukturendringar, og dermed blir vilkåra for det borgarlege samfunnet radikalt endra. Som i føydal- og eineveldetida blir meir og meir lagt inn under statleg kontroll, men no på ein annan måte, nemleg ved at grupper innanfor den private sektoren ber staten om å gripe inn. Integerering av private og statlege interesser er ein sentral del av denne reføydaliseringa, samstundes som nasjonalstaten (med vekt på nasjonal) blir meir marginalisert.

Dette får vidtgåande konsekvensar også for den diskursive praksisen som går føre seg i allmennheita. Reføydaliseringa slår også inn her. Så snart private interesser blir trekte inn i den offentlege diskursen, blir ein viktig føresetnad for den borgarlege allmennheita borte. Den gjeld den økonomiske tvangsfridommen. Borgarskapet hadde tillit til marknadskreftene, og trong ikkje bruke det offentlege rommet til å diskutere butikk. Men så snart delar av det private området tek det offentlege rommet i bruk og deltar i den offentlege diskursen – også for å diskutere eller fremje dei økonomiske interessene sine, er allmennheita opna for ein økonomisk strid som før høyrde til i konkurransesfæren. Også utdanningsområdet er no blitt arena for denne økonomiske striden. Næringslivets relativt nye interesse for skole og utdanning kan lett tolkast inn i eit slikt perspektiv.

I den tvangsfrie diskursen var argumentet den høgaste dommar, uavhengig av kven som framførte det. Slik kunne den offentlege meininga bli forma fritt. Når det skjer ein integrasjon mellom offentleg sfære og produksjonssfære, parallelt med at private interesser går til staten for å få makt, blir den frie meiningsdanninga truga. Talspersonar for ulike interesser blir aktørar i det offentlege, og dei skal skaffe ”publisitet” for sin posisjon. Dei har bunde mandat. Etter kvart som fleire og fleire oppgåver er blitt lagde til staten, vil også statlege etatar byggje ut sitt publisitetsarbeid. Opinion er ikkje lenger noko som blir danna gjennom eit fritt ordskifte; det er noko ein freistar skape eller påverke.

Habermas beskriv såleis utviklinga av den korporative staten. Overføring av makt til organisasjonar i gråsona mellom stat og samfunn har hatt store konsekvensar for det offentlege livet. Når avgjerder blir tekne innanfor organisasjonar (t.d. særlovsselskap eller for den del stiftingsliknande sjølveigande institusjonar), blir dei gjerne dregne unna offentleg innsyn. I staden for opne diskusjonar i offentlegheita, blir det igjen drive publisitetsarbeid, forsøk på å danne opinionen slik at ein får gjennomslag for dei standpunkta ein vil ha gjennomslag for. Det har over tid skjedd ei radikal omdefinering av forholdet mellom publikum og aktørar, som jo var identiske i den borgarlege allmennheita. No er det innført eit skilje mellom aktørar og publikum som verkeleg er ei reføydalisering. Dei få som er aktørar, er like skilde frå publikum som adelen var det.

Metaforiske uttrykk som ”selje sin politikk”, ”selje seg”, ”kjøpe eit argument eller eit syn, ein politikk”, osb. viser kva det handlar om. Når økonomi og allmennheit ikkje lenger er skilde, blir allmennheita kommersialisert. Institusjonane, som ikkje sjølve skapar økonomiske verdiar direkte, må tenke økonomi på ein annan måte enn før. ”The bottom line” får ei meir kontant tyding enn før. Dette gjev seg det utslaget at også utdanningstilbodet blir omforma i samsvar med etterspørselen på ein meir kontant måte enn før. Informasjon og kunnskap blir altså etterspørselsorientert. Slik blir også utdanningsinstitusjonane kommersialiserte.

I utdanningspolitikken freista ein tidlegare å skilje mellom etterspørsel og behov. No synest dette skiljet meir eller mindre å vere oppheva. Marknadskreftene slår inn i allmennheita sjølv; dei er ikkje lenger plasserte i ein annan sfære. Dermed må ein finne ut kva mottakaren vil ha. Mottakaren i eit slikt system blir kunde og konsument. Studentrolla blir såleis ei konsumentrolle. Dette kan få store konsekvensar for kva utdanningstilbod som vil kunne overleve i det lange løp.

Systemet verker inn på alle aktørar i allmennheita, det politiske systemet, forskingssystemet, utdanningssystemet, mediesektoren, helse- og sosialvesenet, osb., altså også alle dei som ikkje har direkte kommersielle motiv. Det skjer ei kommersialisering av heile den offentlege sfæren. Når publikum ikkje deltek, men konsumerer, og informasjonen ikkje er sparsam, men i overflod, blir det stilt spesifikke krav til informasjonen for at han skal nå fram. Argumenta blir ikkje lenger forma i pakt med fornuft og logikk, men i pakt med dei marknadslovene som gjeld i ei allmennheit med informasjonsoverflod. Argument blir såleis omskapte til konsum. Skiljet mellom kunnskap og informasjon kan synast å forsvinne, og skiljet mellom reklame/annonse og argument blir brote ned. Reklamen fungerer som parasitt på den statusen offentleg meining har, noko som i sin tur gjer sitt til å svekkje denne statusen. Mellom andre ting dette har vore med på å svekke, er statusen til høgare utdanning.

Det er nettopp den offentlege diskursen som blir offer i strukturendringa. Det er ikkje lenger ei diskuterande allmenning som definerer opinionen, eller den offentlege meininga, det er stemninga, skapt av publisitetsarbeidet til forretningsfolk, interessegrupper, lobbyistar, parti og statlege organ. Som i føydaltida er det reputasjon som tel. Opinionen er blitt konsumenten som fortærer stadig meir informasjon, og som let seg manipulere.

Vi kan førebels summere opp slik: Humboltuniversitetet og dei ideala det representerer, hører heime i det liberale samfunnet og er ein arv derfrå. Dette er ideal som no er i ferd med å forvitre over heile den vestlege verda, under innverknad frå det reføydale samfunnet. Også nordiske høgare utdanningsinstitusjonar av i dag har til no henta sin legitimitet frå ideala til den borgarlege allmennheita, som rett nok aldri har late seg realisere fullt ut. Men i følgje Habermas lever vi i ei reføydalisert allmennheit. Den strukturendringa som har skjedd og som er i ferd med å endre legitimitetsgrunnlaget for institusjonane, endrar dermed institusjonane sjølve. Eit viktig endringsresultat er at det dannings- og kulturmandatet institusjonane i si tid hadde, no ikkje lenger synest vere like gyldig. Vi kan gjerne seie at det er blitt likegyldig. Det mandatet ei reføydal offentlegheit gjev dei høgare utdanningsinstitusjonane, er eit anna. At nasjonalspråka og argumenta for nasjonalspråka som undervisnings- og forskingsspråk gradvis forvitrar, er forklarleg innanfor ein slik kontekst.

Førebels oppsummering

Eg påstår altså at ein må sjå på verdigrunnlaget for institusjonane og den ideologien som styrer utviklinga av dei, om ein skal forstå og forklare den tiltakande bruken av engelsk. Dette er ikkje eit reint språkpolitisk spørsmål. Det handlar om mykje anna enn språk. Behandlar vi spørsmålet tradisjonelt språkpolitisk, risikerer vi å fortape oss i reint pedagogiske og moralske dimensjonar, lausrive frå dei overordna globalpolitiske sidene. Men la meg likevel – for balansens skuld – prøve å sjå saka i eit språkpolitisk og språkpedagogisk lys.

Eg har alt nemnt at språkleg og kulturelt betyr globalisering språkleg anglo-amerikanisering. Det gjeld heilt allment; såleis òg i akademia. Det gjør globaliseringa snevrare enn den elles kunne ha vore. Og det inneber at “flyten” av kunnskap, av forskarar og studentar, ikkje er fri, slik ein gjerne vil ha det til. “Flyten” har ei bestemt retning, mot engelskspråklege samfunn som USA, Canada, Storbritannia og Australia, og vekk frå ikkje-engelskspråklege samfunn. Desse ikkje-engelskspråklege samfunna prøver så å kompensere for dette på ymse vis, m.a. ved å innføre engelskspråklege undervisningstilbod på sine høgare utdanningsinstitusjonar og å honorere vitskapleg produksjon på engelsk.

”Globaliseringa” og universiteta i Norden

Vi har lenge vore merksame på den tiltakande engelskbruken i akademia. Etter kvart har vi òg tatt til med å ”talfeste” utviklinga. Her skal vi ikkje gå i detalj, berre konstatere at engelsk er på frammarsj overalt i akademia, men i noko skiftande grad frå fakultet til fakultet, frå fag til fag. At dette er uttrykk for ei vilja utvikling, er diskusjonen om den norske universitetsloven eit klart symbolsk uttrykk for. I 1995-loven blei det eksplisitt formulert i lovs form at norsk til vanleg skal vere undervisningsspråk på norske universitet og høgskolar. Denne loven blei revidert i 2002, og da blei formuleringa om undervisningsspråk fjerna. Vi veit dessutan frå undersøkingar at lærebokproduksjon på nordiske språk tapar i høve til engelskspråklege lærebøker. Studentane må lese meir og meir av faglitteraturen sin på engelsk. Det gjeld i alle fag, og er rimeleg godt dokumentert. Jf. Kyvik 2001.

Pia Jarvad har i eit foredrag i 2004 på eit møte i regi av Nordisk språkråd om parallellspråklegheit gjort ein gjennomgang av ”Forholdet mellom de nordiske sprog og engelsk ved nordiske universiteteter, højskoler og andre højere læreanstalter”. Oppsummeringane i det følgjande bygger langt på veg på denne framstillinga.

Frå Danmark og Norge har Jarvad tal berre for publisering av vitskap, frå Sverige har ho også tal som gjeld svensk respektive engelsk som undervisningsspråk. Generelt kan vi seie at hovudregelen no er at den skriftlege samtalen mellom fagfellar går føre seg på engelsk, men med iallfall delar av samfunnsvitskap, humaniora og teologi som unntak til denne regelen.

Når det gjeld munnleg undervisningsspråk, bygger tala frå Sverige på ei kartlegging frå 1993/94 (jf Gunnarsson 2001) med eit supplement frå 2001 (Falk 2001). Resultata kan samanfattas slik: På lågare nivå blir svensk brukt meir enn på høgare nivå. Mellom 10 og 20% av undervisninga går her føre seg på engelsk. Her er ikkje forskjellen mellom fakulteta særleg stor; teologi og jus bruker minst engelsk, og medisin og samfunnsvitskap skårar òg lågt. Når vi derimot kjem til høgare grads undervisning, blir bildet dramatisk annleis. I naturvitskap og teknologi går 70% av undervisninga føre seg på engelsk, i farmasi er talet 50%, medisin 23%. Tilsvarande tal for samfunnsvitskap og språkfag er 14%. Ser ein på seminarundervisning og gjesteforelesingar for seg, er tala høgare over heile lina. For naturvitskap og teknologi er vi no oppe i 92%, i jus, medisin, farmasi, humaniora og samfunnsvitskap svingar talar for bruk av engelsk på mellom 25 og 35%. Teologi skil seg sterkt ut med 5% engelsk i seminara på høgare grad.

Rapportar om stoda i Finland, på Island og Færøyane viser tilsvarande tendensar. I Sameland og på Grønland er bildet derimot noko annleis. Her har språka grønlandsk og samisk ingen tradisjon for å bli brukt i høgare utdanning og forsking. No ser vi spede tendensar til at det skjer, så her kan vi faktisk snakke om domenegevinst. Likevel kan ikkje dei grønlandske og samiske institusjonane, som er små og få, seie seg fri for dei same tendensane til anglifiseringa av akademia som vi ser i resten av Norden.

Vera Swach har kartlagt engelskbruken ved norske universitet og høgskolar. Eit oppsummerande sitat frå rapporten hennar kan tene som ei generelt oppsummering for forholda i heile Norden (Swach 2004:8-9):

Best dokumentert er den formaliserte, fagfellevurderte publikasjonen. Vitenskapens lingua franca er engelsk, andre fremmede språk brukes sjelden. Flesteparten av de norskspråklige publikasjonene tilhører bestemte faggrupper av humaniora som norsk og historie. I deler av samfunnsvitenskapene synes norsk å brytes mot engelsk. Det synes å være tilfelle med statsvitenskap, mens pedagogikk fremdeles opererer på en enspråklig norsk arena.

8 av 10 vitenskapelige artiker skrevet av norske forskere utkommer på engelsk og 1 av 3 bøker skrevet av norske forskere utkommer på engelsk utenfor Norge. Den vitenskapelige artikkelen på engelsk i et internasjonalt tidsskrift fremstår som den dominerende publiseringsformen, fagsamfunnet sett under ett. Språkfordelinga i doktoravhandlingar følger et mønster kjent fra vitenskapelig publisering i fagområdene. Av 10 avhandlinger vil 7 – 8 være skrevet på engelsk og 2 – 3 på norsk. Tegn tyder på at andelen engelsk er stabil eller svakt økende. En indikasjon på det er at rundt 80 prosent av universitets- og høyskoleansatte publiserte minst ett bidrag på fremmede språk i 2002 mot 65 prosent i 1979.

Om kun fagfellevurdert vitenskapelig publisering ble lagt til grunn, ville konklusjonen vært at norsk har lidd et domenetap; morsmålet er, med noen distinkte unntak, ikkje lenger et vitenskapspråk. Men vitenskapens språk har flere sjanger, og språkvalg faller sammen med sjangervalg som igjen hører nært sammen med mottaker og formålet med kunnskapsfrembringelse. En felles norsk og engelsk språkarena er andre faglie og vitenskapelige utgivelser. Formålet med publikasjonen og mottaker vil avgjøre om språket blir engelsk eller norsk.

Diskusjon

Til no har eg prøvd å gje eit bilde av ei historisk utvikling og ei beskriving av stoda no. Det kunne òg ha vore interessant å gjere ei eksplisitt jamføring av latin og engelsk som akademisk språk. Det er det ikkje plass til her. Eg har prøvd å la vere å felle språkpolitiske dommar i foredraget mitt. Eg kan likevel ikkje, no mot slutten, dy meg for å stille nokre språkpolitiske spørsmål og reise nokre språkpolitiske problem. Det eine spørsmålet mitt handlar om den rolla språket har i eit maktperspektiv og i eit demokratiperspektiv. Kva for implikasjonar og konsekvensar har det for internasjonal forsking at somme forskarar har fordelen av å kunne bruke morsmålet sitt i alle samanhengar , mens andre aldri kan gjere det, men alltid må spele på språkleg bortebane. Og kva rolle får universiteta i samfunnet dersom dei fjernar seg meir og meir språkleg frå det språksamfunnet dei geografisk hører heime i?

Ei anna side ved spørsmålet blir drøfta av Britt-Louise Gunnarsson i artikkelen frå 2001 (s. 307). Ho spør om ein engelsk vitskapleg tekst skriven av ein svenske, språkleg og stilistisk er samanliknbar med ein tilsvarande tekst skriven av ein engelsk morsmålsbrukar. Ho viser til systematiske språklege samanlikningar av vitskaplege tekstar skrivne på engelsk av englendarar og amerikanarar, jamført med tilsvarande tekstar på engelsk av forskarar frå andre land. Her handlar det meir om tekstlingvistiske konvensjonar som tekstorganisering, disponering, stilnivå, argumentasjon, måtar å presentere teori og metode på, forfattarplassering og –synsvinkel, osb. Dette er kulturelle konvensjonar som vil vere ulike i ulike språksamfunn. Jamføringar av korleis vitskaplege tekstar blir vurderte av t.d. tidsskriftsredaktørar, er òg blitt gjorde. Jamført med engelskspråklege morsmålsbrukarar, blir fremmendspråksbrukare av vitskapleg engelsk tolka temmeleg negativt. Dei uttrykker seg vagt og manglar vitskapleg klarheit og stringens, blir det hevda. Gunnarsson viser her til Connor 1996, Clyne 1987 og Mauranen 1993.

Det neste spørsmålet som etter dette nærmast følgjer av seg sjølv, er dette: Kan det vere slik at overgangen frå nordisk til engelsk som akademisk språk representerer ringare kvalitet, snarare enn kvalitetsauke? Eller i det minste at engelsk produsert av nordiske akademikarar vil bli oppfatta som ringare av dei som er dommarar i dette spelet? Betyr akademisk globalisering styrking og konsolidering av anglo-amerikansk forsking og utdanning på bekostning av forsking og utdanning som har eit anna språk som medium? Betyr det ei tilsvarande styrking og konsolidering av anglo-amerikanske kulturelle retorikk-konvensjonar? Representerer det i så fall kvalitet, i global forstand? Kva konsekvensar har dette for mangfaldet i vitskapen? Er det ikkje heller ei form for homogenisering og nivellering som skjer? For det er jo ikkje bare snakk om språkleg einsretting. Det handlar om språkkultur i vid meining, forskingskultur, tenkekultur. Mange har peika på at det ikkje hadde vore så lett for ein Einstein eller ein Wittgenstein å få finasiert forskinga si i eit forskingspolitisk klima som det som dominerer no. Kanskje er det slik at vi er i ferd med å forveksle kvalitetsomgrepet med omgrep som “standard”, “gjennomsnittleg”, “mainstream”?

No trur eg “globaliseringa” er kommen for å bli. Eg argumenterer altså ikkje for å skru klokka tilbake. Og eg argumenterer heller ikkje mot engelsk som lingua franca i vitskapen. Det ville vere fåfengt. Det eg talar for, er å ta opp desse spørsmåla til seriøs diskusjon og ikkje halde fram med å late som det for dei fleste universitets- og høgskoletilsette er såre enkelt å bruke engelsk utan vidare i det faglege arbeidet sitt. Kva omkostningar dette har, er eit viktig spørsmål som hittil er blitt behandla som eit ikkje-spørsmål. Éi av desse omkostningane er tydeleg på internasjonale fagkonferansar. Her er det dei som meistrar engelsk på morsmålsnivå, som dominerer. Dei hørest dyktigare ut enn dei som snakkar engelsk med aksent, som snakkar gebrokkent, som gjør idiomatiske feil osb. Og dei får dermed også betre og meir respons enn andre som trass i kanskje litt haltande engelsk vågar å seie noko. God språkmeistring blir (mis)oppfatta som god fagmeistring. Det er altså dei som har den språklege makta som får den faglege makta.

I den nordiske debatten om desse spørsmåla er løysinga på dei problema eg har antyda her, blitt lansert gjennom omgrepet parallellspråklegheit. Og det kan godt tenkast at medveten parallellspråklegheit vil kunne vere til ei viss hjelp. Men om vi får til å gjennomføre eit godt parallellspråkleg program som òg bidrar til ei viss form for domenebevaring, må vi ikkje narre oss sjølve til å tru at parallellspråklegheit kan fjerne maktasymmetrien i den internasjonale universitetsverda. Derimot kan nok medveten parallellspråklegheit verke integrerande og demokratiserande i høve til det språksamfunnet som omgjev universitetet. Eg har iallfall inga tru på at parallellspråklegheit vil gje oss svar på alle dei språkspørsmåla som dagens situasjon reiser, og slett ikkje at det vil kunne fungere som eit slags mantra som gjev oss garantiar for ei lys og uproblematisk språkframtid i akademia.

Tove Bull

är professor vid Tromsö universitet

(föredraget är publicerat med författarens tillåtelse)

Litteratur

Clyne, Michael 1987: ”Cultural Differences in the Organization of Academic Texts. English and German.”, Journal of Pragmatics 11: 211-247.

Connor, Ulla 1996: Contrastive Rhetoric. Cross-Cultural Aspects of Second-Language Writing. Cambridge: Cambridge University Press.

Dalby, Andrew 2002: Language in Danger, London: Penguin.

Falk, Maria 2001: Den svenske delen av språkpolitisk utredning. Jf Jarvad 2004.

Gunnarsson, Britt-Louise 2001: ”Swedish, English, French or German – The Language Situation at Swedish Universities”, Ulrich Ammon (ed.): The Dominance of English as a Language of Science. Effects on Other Languages and Language Communities, Berlin – New York: Mouton de Gruyter, 281-316.

Habermas, Jürgen 1997 (3. opplag på norsk): Borgerlig offentlighet. Oslo: Gyldendal.

Jarvad, Pia 2004: ”Forholdet mellom de nordiske sprog og engelsk ved nordiske universiteteter, højskoler og andre højere læreanstalter”, foredrag på konferanse om parallellspråklegheit, Voksenåsen 07.06.04.

Kyvik, Svein 2001: Publiseringsvirksomheten ved universiteter og vitenskapelige høgskoler, NIFU skriftserie nr. 15. Oslo.

Mauranen, A. 1993: Cultural Differences in Academic Rhetoric. A Textlinguistic Study. Frankfurt a. M. etc.:Lang.

Swach, Vera 2004: Norsk vitenskap – på språklig bortebane? NIFU skriftserie 9/2004.

Sørbø, Jan Inge 1991: Offentleg samtale. Oslo: Det Norske Samlaget.

Åter till "Avhandlingar och uppsatser"