Sprakforsvaret
   

Når engelsk tek over i næringslivet

av Kjartan Helleve, redaktör för Norsk Tidend,

medlemstidning för Noregs Mållag, augusti 2007

 

Dei store lokomotiva i norsk næringsliv har gått over til å bruke engelsk som konsernspråk. Fordelane er openberre. Spørsmålet er om ein er like klår over bakdelane.

 

I vår vart det kjend at sidan Roy Franklin ikkje kunne norsk, skulle styremøta haldast på engelsk. Dei gav problem for nyvald styremedlem Kjell Bjørndalen frå LO, som måtte innrømme at han ikkje var særleg stø i engelsk. Løysinga var å sende Bjørndalen på språkkurs.

Dette er toppen av ei utvikling som har føregått i Noreg dei siste ti-femten åra. Dei store lokomotiva i norsk næringsliv legg meir og meir over til engelsk som konsernspråk. Det vil ikkje seie at ein utelukkande nyttar engelsk, men at det er den som viser att på nettsider, i rapportar og i kontraktar. Denne omlegginga er samanfallande med ei aukande internasjonalisering, dvs. at norske bedrifter satsar utanlands. Med avdelingar og prosjekt jorda rundt, er det naudsynt å kunne fleire språk enn norsk.

Eit premiss for denne omlegginga er at alle som arbeider i konserna er gode nok i engelsk til å utføre arbeidsoppgåvene sine på ein god måte. Dette gjeld ikkje berre styremedlemmer, det gjeld òg den enkelte maskinoperatør. Å gå over til engelsk har sine klåre fordelar, men reiser samstundes fleire aktuelle problemstillingar, som til dømes styrespråk.

– Sjølv om ein er god i engelsk, så vil ein som har det som morsmål, alltid ha eit fortrinn, seier Johan Myking , som er 1. amanuensis ved Nordisk Institutt i Bergen og leiar for Språkrådet sitt fagråd for terminologi og fagspråk.

– Språk kan styre situasjonar og påverke sjølvtilliten og det kan igjen påverke avgjersler. Ein argumenterer best når ein nyttar morsmålet sitt.

Myking er bekymra for kva som hender nedover i bedriftene.

– Det eg gjerne skulle visst meir om, er korleis småbedriftene greier seg. Utviklinga på fleire område går så fort, at ein ikkje har tid til å stoppe opp å spørje seg om kva språk ein burde ha nytta. I Norsk Standard er dette meir synleg enn nokon annan stad. Særleg innanfor ny teknologi er engelsk i ferd med å ta heilt over som referansemål. Spørsmålet blir korleis den vanlege arbeidstakaren opplever dette.

 

Norsk tryggare og meir effektivt

Per Bjørn Pedersen er overingeniør i IT-avdelinga i Statoil, har arbeidd ei årrekkje i selskapet og var tidlegare tilsett i Mobil. 

– Norsk er meir effektivt, det skaper eit betre arbeidsmiljø og det er sikrare. Det er ikkje utan grunn at fagforeiningane krev at lønsforhandlingar skal føregå på norsk.

Pedersen har lenge arbeidd for å styrkje det norske språket i norsk oljeindustri.

– Prinsipielt er det eit problem at for å arbeide på ein norsk arbeidsplass i Noreg, så må ein kunne engelsk. I andre land er dette eit endå større problem, då engelskkunnskapane er dårlegare enn i Noreg. Når folk søkjer arbeid i selskap som har engelsk som konsernspråk, så vil dei sjølvsagt svare ”yes, yes” på spørsmålet om dei kan engelsk. Men det er jo heller ikkje slik at nordmenn er så ekstremt gode i engelsk, mange trur dei er betre enn dei faktisk er. Det er mange som klagar over at dei ikkje skjønar nynorsk, men det er ingen som klagar på at dei ikkje skjønar engelsk. Dette er jo ein tryggingsrisiko, og kan få katastrofale fylgjer. Me har sjølve sett døme på at farlege situasjonar har oppstått på grunn av språkproblem.

Han har også sett at språkkunnskapane ikkje utan vidare blir større høgare opp i selskapa.

– Det er også mykje dårleg engelsk i møteromma. Sjølv om ein greier å ordleggje seg nokolunde, så blir innhaldet tynnare av di ein ikkje kan språket fullt ut. Ein er blitt tvungen til å spele på ein språkleg bortebane, seier Pedersen.

Danske Anne Marie Bülow-Møller undersøkte forretningsforhandlingar på engelsk mellom amerikanarar, britar og danskar.  Ho fann ut at dei som snakka engelsk som morsmål, gjorde seg nytte av eit uformelt og formelt register av ”power moves” (maktrekk), noko danskane som snakka engelsk, ikkje gjorde. Ei engelsk undersøking frå 2006 syner kva konsekvensar dette kan få. Nasjonalt senter for framandspråk i Storbritannia (CiLT) granska språk- og kulturkunnskapane i det europeiske næringslivet inkludert Noreg. Undersøkinga konkluderte med at 195 av 2000 selskap som deltok, har mista kontraktar verd opp til 25 millionar euro på grunn av dårlege språkkunnskapar.

 

Ikkje noko emne i næringslivet

– Dette har ikkje vore noko tema i NHO, seier informasjonssjef Øyvind Lind Petersen. – Dette er noko me overlet til bedriftene sjølve. Språk og kommunikasjon er ein kompetanse på lik linje med alt anna, og bedriftene må syte for at dei har den kompetansen som krevst.

Men ei undersøking Nasjonalt senter for framandspråk i Noreg gjorde i 2005 om bruken av framandspråk i norsk næringsliv, synte at bedriftsleiarar ofte opplevde at medarbeidarane sine kunnskapar i framandspråk er mangelfulle i forhold til dei oppgåvene som skal løysast. Den mellombelse analysen synte at engelsk var langt frå nok, og at ein hadde behov for kunnskapar i fleire språk.

– I forskingsmiljøa er dette eit emne, men det er det ikkje i næringslivet, seier Johan Myking. Så sjølv om sambandet mellom næringslivet og samfunnet er tett, så har ein altså ikkje språkkrav til norske bedrifter. Eg nyttar sjølv mykje engelsk som forskar, men eg innbiller meg ikkje at det er nokon språkleg fest å høyre på. Så når eg skal publisere noko skriftleg, så blir alltid teksten språkvaska og korrekturlesen. Slik burde det jo ha vore i næringslivet òg.

Fagsjef i Norsk Industri, John Vigrestad, dreg fram EUs 7. rammeprogram der han trur både forskarar og bedrifter skal få bryne seg.  Det 7. rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling har ein ambisjon om å foreine forskingspolitikk og forskingsfinansiering. Den norske programkontingenten for deltakinga vil vere rundt 8,9 milliardar kroner

– Her er det sjølvsagt mange små og mellomstore bedrifter som ser eit høve til å skaffe seg utviklingspengar, seier Vigrestad. – Men skal ein kunne bidra i ein slik samanheng, må ein kunne engelsk skriftleg og munnleg på eit høgt nivå. Spørsmålet er om desse bedriftene er klår over kor høge språkkrava er.

 

Viktigare før

På midten av 80-talet arbeidde både Johan Myking og Per Bjørn Pedersen i Fornorskingsprosjektet ved Universitetet i Bergen. Oppgåva var å omsetje driftshandbøkene for Gullfaks for Statoil frå engelsk til norsk. Dette arbeidet varte i fleire år og sysselsette 15-16 personar.

– Då Phillips kom til Noreg, så gjorde dei den tabben på å insistere på engelsk som arbeidsspråk, fortel Pedersen. – Det gjorde jo at dei vart oppfatta som arrogante og betrevitarar. Dessutan oppstod det grupperingar langs språkgrensene, og ein fekk t.d. eitt bord for engelskspråklege og eitt for norsk, eller lokalspråket. Denne motviljen mot norsk gjorde det vanskeleg for dei engelskspråklege som budde i Noreg.

-Statoil nytta norsk for å skaffe seg konkurransefordelar når dei skulle inn på norsk sokkel. Når dei no skal ut å finne seg nye leiteområde, så slår dei over til engelsk, fortel Myking.

– Og StatoilHydro er eit interessant døme. Dei er det største selskapet i Noreg og ynskjer å bli store i utlandet. Når eit enkelt engelsktalande styremedlem betyr at engelsk skal vere styrespråket no, er det dei marknadsliberalistiske omsyna som veg tyngst. Det syner kvar lojaliteten til selskapet ligg. Spørsmålet er om Noreg er interessert i å bruke lovar og reglar for å kjempe for sitt eige språk.

 

LO

LO har kome med framlegg at ein skal lovfeste norsk som språk i norske styrerom.

– Innfallsvinkelen vår er ein må ta vare på det norske bedriftsdemokratiet, og det å sitje i eit styre er i utgangspunktet ei stor utfordring, seier 1. sekretær Ellen Stensrud om framlegget.

 – Det å vanskeleg nok å setje seg inn i kompliserte emne som økonomi, rekneskap og omgrep i t.d. offshore-industrien. Skal ein i tillegg krevje høge engelskkunnskapar, så er det med på å leggje lista for kvalifikasjonar for styrearbeid veldig høgt, og dette handlar jo ikkje berre om våre folk. Den engelsken som blir nytta i styret i dei store selskapa, er så full av fagterminologi at ein eigentleg burde ha arbeidd fleire år i utlandet for å kunne forstå han fullt ut. Eg trur det er fleire som tykkjer det er vanskeleg å gjere seg forstått, men som av ulike grunnar tykkjer det er plagsamt å seie i frå.

– Kva med dei tilsette utanfor styreromma?

– Det kan eg eigentleg ikkje seie så mykje detaljert om, sidan eg har bedriftsdemokrati som mitt ansvarsområde. Generelt kan eg seie at me ikkje har noko problem med at engelsk blir nytta, sidan arbeidsstokken etter kvart består av mange ikkje-norskspråklege. Men det er viktig at manualar og HMS-informasjon også ligg føre på norsk, slik at bruken av engelsk ikkje blir noko trugsmål mot tryggleiken.

I 2005 kom Språkrådet med eit framlegg til strategi kalla ”Norsk i hundre – Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder.” Der skriv dei at: ”Arbeidslivet arbeider sjølv med spørsmål knytte til etikk og ansvar knytt til miljøspørsmål Ein viktig del av språkpolitikken i framtida må vera å utvikle ei haldning i næringslivet om at det også har eit samfunnsansvar for å bidra til at norsk held fram med å vera det samfunnsberande nasjonalspråket.” På Statoil sine heimesider står det både om at dei skal oppføre seg fint i forhold til menneskerettar og miljø, men ikkje noko om språk. Informasjonsdirektør Ola Morten Aanestad meiner likevel at dei tek problemstillinga alvorleg.

- På våre corporate-sider er det råd å velje å få informasjonen på norsk, på same måten som det er råd å velje polsk i Polen.

– Problemet er ikkje at ein nyttar engelsk, seier Per Bjørn Pedersen. – Problemet er at ein nyttar det i altfor stor grad.

 

The Hydro Way

Då Norsk Hydro lanserte sitt nye verdi- og merkevareprogram " the Hydro Way" spurde Finansavisen informasjondirektøren Cecilie Ditlev-Simonsen om kva den nye visjonen eigentleg var:

- Det er ikkje nokon visjon, det er ein misjon, svara ho.

- Kva er forskjellen?, spurde Finansavisen

- Ein misjon er litt meir konkret, kan du seie, svara Ditlev-Sominsen.

- Kva er Hydro sin nye misjon?

- Ja, der er jo … Det vil jo seie at …. Eg trur eg må ta det på engelsk: Hydro`s mission is to create a more viable society by developing natural resources and products in innovative and efficient ways.

 

Kjartan Helleve

kjartan.helleve@nm.no

(artikeln publicerad med författarens tillstånd)